
08.–10. MAI 2025
Hardanger Internasjonale Siderfest 2025
08. - 10. mai 2025 er det klart for femte utgåve av Hardanger Internasjonale Siderfest i Odda og Sørfjorden.
Norsk sider har stor suksess, og vi vil med Hardanger Internasjonale Siderfest spre endå meir kunnskap, synlegheit og blest om norsk kvalitetssider! Velkomen til den aller første internasjonale siderfesten i Noreg - i vakre Hardanger! Hardanger Internasjonale Siderfest vert arrangert på sidergardane i Sørfjorden og i Lindehuset, eit freda fabrikklokale på smelteverkstomta i Odda.
Program 2025:
Torsdag 8. mai:
Politisk utviklingsseminar for Sidernæringa, Hotel Ullensvang, Lofthus
Sidermiddagar over heile Hardanger:
Buer restaurant, Hotel Ullensvang, Utne hotel, Siderhuset Ola K, Brakanes hotel, Vøringfoss hotel, Hardangerfjord hotel, Hotel hotel og Ferskvaren.
Fredag 9. mai:
Fagseminar for siderprodusentar, NIBIO Lofthus
Sidertog, Odda
Siderfest i Sørfjorden. Det blir fest og god stemning i kvar siderbygd.
Laurdag 10. mai:
Publikumsdag og messe på Lindeplassen og Lindehuset i Odda.
Velkomen!
“Sider frå Hardanger skal på kartet internasjonalt, og kva er då ikkje betre enn å slå til med ein festival av internasjonale proposjonar.”
